Sunniva Thingnes Leira (t.v.) og Marte Kristine Flaten frå Førde overlevde bussulykka i Kenya i februar.
Sunniva Thingnes Leira (t.v.) og Marte Kristine Flaten frå Førde overlevde bussulykka i Kenya i februar. Foto: Bent Are Iversen (Firda)

Overlevde mareritt på skoletur

- Jeg ble slått bevisstløs og husker ikke selve kollisjonen, men jeg våknet inne i bussen og skjønte fort hva som hadde skjedd.

(Firda) For sju veker sidan var Sunniva Thingnes Leira (19) og Marte Kristine Flaten (20) frå Førde i ei alvorleg trafikkulykke i Kenya der to medelevar på Valdres folkehøgskule og den kenyanske bussjåføren omkom. Framleis er kvardagen prega av den dramatiske hendinga.

– Vi hadde vore på fjelltur på Mount Kenya og var på veg tilbake til Nairobi då vi kolliderte. Vi var 20 elevar frå Valdres folkehøgskule fordelt på tre minibussar. Eg sat i den midtarste. Ein lastebil la seg over i vår køyrebane for å komme forbi ein personbil og sjåføren innsåg for seint at det ikkje kunne gå. Han prøvde å svinge unna, trefte personbilen som for i grøfta, mista kontroll over lastebilen og trefte bussen vår, fortel Marte Kristine.

LES OGSÅ: Marte Kristine var passasjer på ulykkesbussen i Kenya

Marte Kristine var blant dei 9 som vart skadde i ulykka. Ho kom frå det med ein knekt arm, knekt nase og eit kutt på leggen. Den kenyanske bussjåføren og to medelevar, Mia og Simen, omkom.

– Eg vart slått bevisstlaus og hugsar ikkje sjølve kollisjonen, men eg vakna inne i bussen og skjønte fort kva som hadde skjedd, seier Marte Kristine.

Vitne

– Eg var i den siste minibussen. Vi såg ikkje at det smalt, men vi var ein av dei første bilane på staden etterpå. Det første eg tenkte var at det var heilt surrealistisk. Eg såg at det hadde vore ein kollisjon, og eg skjønte at det var alvorleg. Minibussen var kvelva og hardt medfaren. Eg håpte at det ikkje skulle vere ein av våre bussar, det var liksom ikkje mogleg at noko slikt skulle skje. Det gav berre ikkje meining at det var vår buss som låg der, fortel Sunniva Thingnes Leira (19).

Sunniva Thingnes Leira og Marte Kristine Flaten frå Førde overlevde bussulykka i Kenya i februar.


– Der og då var det veldig mange tankar og følelsar. Ein blir redd, redd for livet til vennene sine. Eg vil ikkje gå nærare inn på det.

Dei to venninnene har for sju korte veker sidan opplevd noko dei fleste er skåna frå. Dei jobbar framleis med minna og sorga, så vi let dei vanskelegaste scenene ligge.

Akutt hjelp

Dei første timane etter ulykka skjedde alt på ein gong.

– Folk strøymde til for å hjelpe. Dei knuste vindauge og skar hol i taket for å få oss ut, det var utruleg korleis dei lokale engasjerte seg for å hjelpe oss. Tilfeldige folk stoppa og tok oss i bilane sine til næraste sjukehus. Det er ein annan kultur der, det var tydeleg, seier Marte Kristine.

Til alt hell var sjukehuset berre ein kilometer unna. Der fekk dei skadde akutt hjelp og behandling som truleg var avgjerande for at det ikkje gjekk verre.

Krisehandtering

Dei som ikkje kom fysisk til skade i ulykka vart innlosjert på eit hotell i nærleiken. Same kvelden fekk dei kontakte familie, men elles tok skulen på seg å handtere all informasjon og mediekontakt.

– Dei jobba heile døgnet og hadde kontroll på alt. Vi vart tekne veldig godt vare på. Vi følte oss trygge, og det var godt å sleppe å tenke på praktiske ting. Eg veit ikkje om noko skulen kunne gjort betre i ein så vanskeleg situasjon, seier Sunniva.

Etterdønningar

Sju veker seinare i ein sofa i Førde er dei to framleis prega av det dei har opplevd. Ein gipsa arm minner om at sår treng tid for å gro, også dei såra ein ikkje ser.

– Både kroppen og humøret reagerer på ein måte eg ikkje har opplevd før. Det vanskelegaste er at den vonde opplevinga heile tida ligg der og tyngjer i underbevisstheita. Vi kan le og ha det bra, men så plutseleg vert vi slitne. Eg veit aldri kva eg skal forvente, eller når eg skal forvente at det skal bli normalt igjen. Heilt som før blir det nok aldri. Men det går betre etter kvart, seier Sunniva.

– Det blir betre etter kvart, men eg trur òg det kan bli vanskelegare, når andre tek til å legge det bak seg og gå tilbake til det normale. Vi kan ikkje gløyme det som har skjedd, seier Marte Kristine.

– Den største hjelpa har vore fellesskapet på skulen. Alle forstår fordi vi har opplevd det saman. Det kan eg ikkje forvente av andre. Om eg hadde opplevd noko slikt åleine hadde det vore mykje tyngre, seier Sunniva.

Sorg og takk

– Det var berre flaks at det ikkje gjekk mykje verre. Hadde ikkje sjukehuset vore så nært, eller hadde ikkje fremste seterad i minibussen vore full av baggasje i staden for folk kunne vi ha mista mange fleire, seier Marte Kristine.

– Det verkar veldig tilfeldig, og det kunne like gjerne skjedd her i Norge. Det å innsjå kor fort alt kan snu har sett sitt preg på oss, seier Sunniva.

Sårbarheita og tapet sit att etter ulykka, men i ettertida har også takksemda klart å klamre seg fast.

– Eg tenker meir over livet no, kor heldig eg er og kor tilfeldig alt kan vere, seier Marte Kristine.

– Eg vert takksam for det eg har, eg må verdsetje dei eg har rundt meg. Ulykka har gjort at eg set meir pris på det eg har, seier Sunniva.

– Ikkje til hjelp at livet stoppar opp

No handlar det om å komme seg vidare i livet på ein god måte.

– Vi skal ha ein sorgprosess, og den kan vare lenge, men det er ikkje til hjelp for nokon at livet stoppar opp, seier Sunniva.

Sunniva og Marte Kristine har tre veker att på folkehøgskulen. Deretter vert fellesskapet dei har funne støtte i denne tida spreidd for alle vindar.

– Det blir spanande å sjå korleis det vert når vi går vidare til å studere, seier Marte Kristine.

– Eg lar tida gå, det får ta den tida det tar, seier Sunniva.

Les flere saker fra Firda.

Mest sett siste uken

Vil du lese flere saker fra Side2? Lik oss gjerne på Facebook!

NA blogg.no

Side2 Bildeshout

Promotion

Dette er blogginnlegg fra blogg.no hvor bloggerne har kjøpt seg plass her på forsiden av Side2.no gjennom bildeshout.
Dette er tilgjengelig for alle bloggere på blogg.no.

BIDRA I DISKUSJONEN